Innlegg

Viser innlegg fra november, 2009

Bienes hemmelige liv

Bilde
av Sue Monk Kidd Handlinga går føre seg i Amerika på den tida da svarte og kvite ikkje hadde like rettar. 14 år gamle Lily Owens bur aleine med sin inneslutta far på ein ferskengard. I 10 år har Lily levd i den trua om at ho har drepe det menneske ho elska mest her på jorda, nemleg mora. Det einaste handfaste ho har etter mor si er ei lita eske med nokre få av hennar eigendelar: eit fotografi, eit par kvite hanskar og eit bilete av ei svart madonna. Desse vil etter kvart vil få stor betyding for Lily. Dagane ber preg av eit konstant sakn etter ho. Det tragiske dødsfallet har gjort faren bitter og han viser liten interesse for dotter si. Den dagen Lily si svarte barnepike, Rosaleen, blir sett i fengsel, bestemmer Lily seg for at det er på tide å rømme. Ho rømmer frå far sin og frigjer Rosaleen frå fengselet. Dei endar i småbyen Tiburon kor ein spesiell honning blir produsert, den har bilete av ei sort madonna på krukkene. Lily hugsar bilete frå mora si eske. Dette bilete leiar ho til ei
Bilde
Jul i biblioteket Vi har sett fram julebøkene. Vi har bøker som handlar om: - å lage julegåver med ungane, å lage julepynt til huset, jul i gamle dagar, spennande oppskrifter på tradisjonsmat. Eller vil du rett og slett finne roa i ei kjær gamal juleforteljing? Vi på biblioteket hjelper deg. Her kan du finne eit stort utval av julebøker og filmar for både store og små. Velkomen til ei triveleg førjulstid på Skjåk folkebibliotek!
Bilde
I "Fjuken" i dag 26/11-09:
Bilde
Intimkonsert på biblioteket Med bokhylla som seneteppe og levande ljos (samt ein god gløgg i pausa), fekk vi ein stemningsfull konsert på biblioteket onsdag kveld. Tom Roger sine Dylan-gjendiktingar har på kort tid blitt lagt merke til. Aadland haustar ros frå mange hald for sitt modige prosjekt - å tolka, oversetja og gjendikta Bob Dylan sitt store "skilsmissealbum", "Blood on the tracks", frå 1975. Blod på spora er lagt opp kronologisk som på originalversjonen. Det heile starta med "Vikla inn i blått" som naturlegvis er "Tangled up in blue". "Simple twist of faith" er "Lagnaden sin vri", mens "You're a big girl now" naturlegvis har blitt til "Stor jente nå". Nynorsk er eit poetisk og songbart språk med ein sterk lyrisk tradisjon. I arbeidet med å gjendikta songane, har Tom Roger Aadland lagt vekt på å halde seg nær originalen når det gjeld val av ord, fraser og tydingar, samstundes har han vore opptat
Slektsforskning på internett Skjåk folkebibliotek/Skjåk studiesenter arrangerer kurs i slekstforskning på internett måndag 30. nov. kl. 10.00. Påmelding: Skjåk folkebibliotek, tlf. 61 21 43 00. Plass til 10! Gratis!
Bilde
Glad i musikk? Dylan på nynorsk - Blod på spora Blod på spora er songane frå Bob Dylan si plate Blood on the Tracks (1975), som Aadland har gjendikta til nynorsk. Tom Roger Adland framfører songane sine på Skjåk folkebibliotek onsdag 18. november kl 1930 . Blod på spora kom ut på cd 12. oktober i år og fekk gode kritikkar. Les meir om Tom Roger Aadland her : ) Billettar kan hentast på biblioteket på førehand. Gratis inngang. Velkomen!