Utstilling på biblioteket

- Hamsun på fleire språk


I år er det 150 år sidan forfattaren Knut Hamsun vart født. Personen Hamsun blir av mange fortsatt oppfatta som kontroversiell, men forfattaren Hamsun sin storheit er det få som nektar for.


I 1920 fekk Hamsun Nobelpris i litteratur for romanen Markens grøde, og sidan den gong har han hatt ein sentral posisjon i verdslitteraturen. Dette kan vi sjå ved at bøkene hans er oversett til fleire språk. Mange av desse kan lånast frå Det flersprålige bibliotek som lånar ut bøker og anna materiale på mange språk.

Denne utstillinga viser eit utval oversette Hamsun-bøker.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede