Den kvite hjorten med Tindra og Helge Jordal

..
..
Tekst: Jan-Magnus Bruheim
..


Dette er ei familieframsyning basert på Jan-Magnus Bruheim si barnebok med same namn. Folkemusikktrioen Tindra har tonesett dei 61 versa på rim, bli med på ei musikalsk reise saman med Helge Jordal og elevar frå Skjåk kulturskule (karusellgruppa) i den kvite hjorten si verd.

Framsyninga handlar om ein hjortekalv som skil seg frå dei andre hjortane av di han er kvit. Då mora hans blir skoten av ein jeger, blir han overlaten til seg sjølv. Gjennom ord og tonar følgjer ein hjorten sin kamp for å overleve, vinne kjærleik og finne fellesskap. Den kvite hjorten er ei musikalsk historie om rasisme og mobbing, men gjev også framtidshåp. Trioen kjem til Skjåk torsdag 25. mars for å syne fram denne musikalske historia. Marlo grendehus er lokalet.

I samband med denne framsyninga har vi laga ei utstilling med Jan-Magnus Bruheim sine bøker og informasjon om forfattarskapen hans.

Sjekk om boka "Den kvite hjorten" er inne :)
Sjekk om cd-en "Den kvite hjorten" med Tindra er inne :)

Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede