Påskekrim

.
Camilla Läckberg


Camilla Läckberg blir omtala som "Nordens krimdronning". Ho har fleire gonger toppa den svenske bestselgerlista. Fyrvokteren, som akkurat er gjeve ut, er den sjuande boka i serien om forfattaren Erica Falck og politimannen Patrik Hedström. Camilla Läckberg debuterte som kriminalforfattar i 2003 med Isprinsessen (norsk utgåve hausten 2008). Denne boka har fått prisane Le Grand Prix de Littérature Policière og Le Prix Polar International. Gyldendal har også gjeve ut Predikanten (2005), Steinhuggeren (2006), Ulykkesfuglen (2007), Tyskerungen (2008) og Havfruen (2009). Dei to første er begge blitt nominert til «Årets bästa svenska deckare». Handlinga i bøkene hennar er lagt til idylliske Fjällbacka. Fleire av dei er filmatiserte. Filmane er også vist av NRK. Vi har bøkene, fleire av filmane, lydbøkene og digibøkene.

I den første boka hennar, Isprinsessen, blir Erica si bestevenninne frå barndommen funnen død i badekaret med oppkutta pulsårer. På kanten av badekaret ligg eit barberblad. Politiet oppdagar snart at det ikkje dreiar seg om sjølvmord. Erica blir ei viktig kjelde i etterforskinga. Saman med politiet må dei tilbake i fortida for å finne svar på dei dystre hemmelegheitene som skjuler seg under overflata. Camilla Läckberg teiknar eit bilete av eit lukka samfunn der folk, på godt og vondt, veit alt om kvarandre, og den ytre fasada har stor betydning.

God krim!
Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede