Landskap og filosofi

Det filosofiske hjørnet

.
Skjåkprosjektet arrangerte eit seminar på Sota i august. Tema var Landskap og Filosofi.

Det var fleire interessante foredrag, og med den vakre naturen i bakgrunnen var seminaret svært vellykka. På biblioteket har vi sett fram ein del bøker med tema natur og filosofi.


Du kan lese meir om seminaret på Sota på:

Til inspirasjon -  ei lita perle av ei bok:

Ut i naturen - Inn i naturen  av Eldbjørg Nyborg.

Ho har laga ei vakker bok som inneheld 24 av hennar digitale akvarellar, godt følgd av eigne tekster og sitat frå verdslitteraturen. Her har du ei skikkeleg kose- og tenkjebok, anten du vil sjå, lese eller begge delar. Den er perfekt når du treng påfyll i godstolen, eller ein fylgjesvenn på reisa. Boka inspirerer rett og slett til opphald i naturen. Sjå dei digitale akvarallane  i dette nettgalleriet. Vi har boka her på biblioteket. God fornøyelse!

Ta ein kikk her også! Ein smakebit frå boka:

Lagt inn av: Sigrun Eide

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk