Klovnen Knut



Storsjarmør i klovnedrakt

Laurdag 6. november hadde vi fint klovnebesøk på biblioteket.
Klovnen Knut beskriv seg sjølv som tullekunstnar og gjøglar. Det er ei beskriving som passar bra!                     
For denne laurdagen serverte han ei fargerik framsyning samansmelta av stand-up og fysiske innslag. Han har ei eiga evne til å underhalde barn og vaksne samtidig. Framsyninga er nok fyrst og fremst for barn, men han fletta òg inn litt "eldreomsorg" - til dei vaksne si store glede . Det vart mykje skratting  av klovnen som trylla og tøysa med farger, musikalske unotar, forteljingar, sjonglering og bergensk buktaling - rett frå levra.

Vi håpar på eit snarleg gjensyn med Klovnen Knut.

Lagt inn av: Sigrun Eide

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede