Inge Eidsvåg

Mange kjøpte signert bok
Det vart ein triveleg og innhaldsrik kveld på biblioteket da Inge Eidsvåg både kåserte for oss og prata om den nyaste boka si, "Minnene ser oss". Stikkord for kvelden: god atmosfære, stor innleving og eit stort engasjement med humor og varme, samt gløgg, pepperkaker, bollar, stev og levande ljos.

Det var Mari Eide Lindsheim som starta det heile med to fine stev, før Inge Eidsvåg tok over med kåseriet om:

Bjørnstjerne Bjørnson og Christopher Bruun

Bjørnson kjøpte garden Aulestad og flytte dit i 1874. Det var ikkje minst Christopher Bruuns folkehøgskule Vonheim i Gausdal som låg bakom valet av dette gardskjøpet. Frå 1875 og utover var Bjørnson ofte på Vonheim, der han heldt foredrag over ulike emne.
Knapt nokon utanfor folkehøgskulens eigne folk har stått folkehøgskulen så nær som Bjørnstjerne Bjørnson. Bjørnsons plass i folkehøgskulen som talar og diktar var viktig særleg i 1860- og 1870-åra, og ikkje minst gjennom bondeforteljingane vart det skapt eit ideologisk fellesskap til folkehøgskulen med vekt på bondens rolle i nasjonsbygginga. Bjørnson forstod folkehøgskulens rolle som danningsskule der eit optimistisk menneskesyn låg til grunn.

Deretter fekk vi høyre om den nyaste boka:

Minnene ser oss

Den nye boka av Inge Eidsvåg heiter ”Minnene ser oss”. Boka har ein raud tråd om kva minner er, korleis dei kan forståast, og kva dei kan brukast til. Les ei bokomtale her. Vi har boka på biblioteket.


Inge Eidsvåg
Ein likandes kar
Inge Eidsvåg avslutta kvelden med 5 gode råd for den "skrøpelege" skiløpar. Desse finn vi i boka "Tanker ved treklaveret". Eidsvåg beskriv seg altså sjølv som ein skrøpeleg skiløpar - med skiglede. Dette er artig lesning og kan trygt anbefalast. Mange kjende seg nok att i fleire av dei komiske "ski-situasjonane".

Vi ynskjer Inge Eidsvåg hjerteleg velkomen attende ved ei seinare anledning.
 
Les meir om Inge Eidsvåg her.

Lagt inn av: Sigrun Eide

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede