Geirr Lystrup




Hausten 2010 kom Geirr Lystrup med Salmeboka mi. Det er tredje bind i Geirr sin vise-trilogi. Tidlegare har han gjeve ut Viseboka mi og Barnesangboka mi, begge kjøpt inn av Kulturrådet. No er trilogien komplett, og med det reiser Geirr i februar på turne i samarbeid med bibliotek i Noreg.

Kom og høyr Geirr Lystrup syngje utvalde songar frå Viseboka mi og Salmeboka mi.


Geirr Lystrup (f 1949) er født og hadde oppveksten sin i Vinje i Telemark og har vore aktiv som visesongar sidan han tok artium. Han har gjeve ut ei rekkje bøker og plater, og han er ein av våre mest allsidige trubadurar. Heile fem gongar har han fått Spellemannprisen. Sist for barneplata ”Sangen om Yebo” som er svært populær i barnehagar og skular over heile Noreg.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede