Informasjon om utdanning for vaksne

Torsdag 17/2 på Skjåk folkebibliotek 16.30 - 19.00


OPUS besøker biblioteka i Norddalen.

Karrieresenteret OPUS Nord-Gudbrandsdal tilbyr utdanning for vaksne. Dette er både på vidaregåande nivå, og tilbod på fag – og høgskulenivå. Dei som ønskjer rettleiing eller vil orientere seg om tilboda, vil ha stort utbytte av å komme til biblioteket denne kvelden.

Målet med besøket er å synleggjere rettleiingstenesta og opplæringstilbodet for vaksne i vår region. Det vert orientert om tilbod som finst både lokalt og andre stader samt finne tid og lage avtaler for vidare rettleiing for dei som treng det.

Velkomen til ein hyggeleg prat om karriere og utdanningsval!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede