Morgen i Jenin av Susan Abulhawa

Ei palestinsk historie

Å sjå eit heilt folk si liding gjennom generasjonar nedfelt i ein konkret familie, gjer inntrykk - og dette er ei historie så blodig at det nesten ikkje er mogleg å ta inn over seg for eit menneske som aldri har opplevd okkupasjon, krig eller terror.

Ein liten palestinsk gut blir rive ut av mora sine armar og veks opp i ein jødisk familie.

Mange år seinare kjenner broren han att - ansikt til ansikt, på kvar si side i ein valdeleg konflikt. Dei to brørne har òg ei syster, Amal Abilheja. Amal vart født i ein flyktningeleir i Jenin og fortel om korleis israelske soldatar i 1948 brutalt fordreiv familien frå landsbyen, om lillebroren som vart borte i kaoset, og om korleis den andre broren vart ein jaga motstandsmann. Ho fortel familien Abilheja si dramatiske historie, gjennom flyktningtilvære, krig og terrorisme. Ho viser lesarane korleis nød og elende innverkar på menneskesinnet, korleis deira evne til empati og kjærleik blir skadelidande. Ei vakker og grusom historie.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede