Populær forfattar


Vera Henriksen er født i Oslo i 1927. Familien busette seg fast i Lom i 1978. Ho budde i USA mellom 1946 og 1963. Der studerte ho arkitektur og kunsthistorie.

Ho har eit omfattande forfattarskap bak seg. Ho har skrive mange bøker med handling frå mellomalderen og andre historiske epokar. Fleire av bøkene hennar tar opp den problematiske overgangen frå norrøn gudetru til kristendom.

Ho debuterte i 1961 med boka Sølvhammeren, som er første del av Sigrid-trilogien. Bok nummer to, Jærtegn, kom i 1962, og den siste boka, Helgenkongen, kom året etter. Denne serien fekk stor suksess. Henriksen har også skrive sogespel, blant anna Asbjørn Selsbane og Sverdet, og dessutan sakprosa, som historia til Luftforsvaret.

På biblioteket har vi laga ei utstilling med bøkene hennar.

 Les meir om Vera Henriksen i Store norske leksikon sin artikkel.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede