Stemningsfull konsert

Svein Bjotveit



Mange tok turen til biblioteket torsdag kveld for å få med seg lanseringa av cd-en til Svein Bjotveit -  "Kjeåsen blå". I løpet av dei siste 40 åra har han skrive omlag 150 viser, 12 av dei er på denne cd-en.

Svein seier at har har laga ei "naken" plate der tekstene får stå i sentrum. Han har skrive alle tekstane og melodiane sjølv. Vi fekk høyre fleire stemningsfulle viser og det var tydeleg at publikum kosa seg. Ei av visene skilte seg ut med raskare rytmne og eit humoristisk preg, nemleg tittelsporet "Kjeåsen blå".

Her er  fyrste verset med refreng. Visa har 7 vers.




Kjeåsen blå

Ein dag va' all mi tvil forbi
eg stimde te budeia mi
Hu låg der med sitt krydderi
og venta på litt frieri
Hormonene va' gått amok
eg for opp langs eit geiteråkk
øve berg og ur og stokk
te hu' så drog med lur og lokk

E' det liv, e' det lov, e' det lov, e' det liv
har du lust, har du lov, e' du tyst, ta ein tår.

Eg tippar denne plata vil liggje under mangt eit juletre i år og at vi får høyre fleire viser frå denne karen i framtida. Svein er rett og slett god til å syngje og han er god til å spele gitar og munnspel.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede