Spennande dukketeater

   "Bukkene Bruse og den vesle kalven" av Kirsti Maanum 


Vi inviterte barnehagane i Skjåk på dukketeater


Ei annleis Bukkene Bruse forteljing

 
Kalven og mora

Det blei ei fin teaterframsyning av Kirsti Maanum. "Bukkene Bruse og den vesle kalven" har det tradisjonelle eventyret som ramme. Men i denne forteljinga bur Bukkene Bruse på ein bondegard. Og når dei skal til setra for å gjere seg feite, så blir kalven med i staden for den mellomste bukken. Han vil heller vere heime på garden for å leike. Kalven skulle nok ynskje han ikkje vart med da han møtar det store og skumle trollet. Heldigvis går det bra til slutt, den største bukken ordnar opp i kjend stil.  
Kirsti Maanum spelar på fleire strengar

Den vesle kalven og det skumle trollet

 
  

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede