Konsert med Sol i skuggeskog

Musikk som finn vegen rett til hjartet


Sol i skuggeskog består av Ingrid Lian-Bjørgum (vokal), Einar Lian-Bjørgum(vokal/gitar) og Øyvind Sandum(trekkspel/vokal). Denne gongen har dei òg med seg Erlend Viken (fele/hardingfele) og Knut Sneve (kontrabass) på laget. I tillegg kjem opphavet til det heile, Finn Sandum («onkel Finn»), som vil gje smakebitar frå diktsamlinga si.
Musikken er ei delikat blanding av iøyrefallande melodiar med inspirasjon frå norsk og amerikansk folkemusikk. Trioen har henta namnet og tekstene sine frå ei diktsamling signert Finn Sandum. I fjor haust gav dei ut ein singel med "Fjelltur" og "Ta handa mi". Over nyttår kjem ein ny singel og litt seinare ein cd. Singelen er på A-lista til NRK Hedmark-Oppland og NRK Trøndelag. Den har òg blitt spelt i den landsdekkjande kanalen P1. Tematikken i tekstane tek opp dei klassiske stemningane som kjærleik, sorg, einsemd og glede. Sol i skuggeskog kler opp lyrikken med ein varm, klar vokal og eit leikent akkompagnement samansett av m.a. gitar, trekkspel, fele og bass. Dette er musikk som finn vegen rett til hjartet!
Velkomen til ein stemningsfull førjulskonsert på Skjåk folkebibliotek laurdag 8. desember kl 19.30.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede