Geitekillingen som kunne telle til ti

Forteljarteater

11. februar ba vi inn 1. klassingane og dei eldste i barnehagane i Skjåk til teater. Geitekillingen som kunne telle til ti er ei av Alf Prøysen sine mest kjende forteljingar for barn. Peder Opstad frå Teater Grimsborken sjarmerte både store og små med sine musikalske og verbale krumspring.

Peder spelte alle dyra sjølv med stor innleving. Ungane fylgde spent med på alle krumspringa, og det var stor stas da alle fekk lære å danse ein energisk eventyrdans til slutt. Dansen stoppa ikkje inne på biblioteket, ungane dansa seg ut av biblioteket.

Kopi frå Fjuken torsdag 14. februar 2013

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede