Konsert med Sol i skuggeskog

FOLKEMUSIKK
Grunntrioen Sol i skuggeskog såg dagens ljos i fjellbygda Oppdal i 2010. Dei veletablerte musikarane med røter i Vågå og Oppdal har markert seg sterkt det siste året. Øyvind Sandum (trekkspel og vokal) frå Lalm og Einar Lian-Bjørgum (gitar og vokal), oppvaksen i Vågå, er to av aktørane. Einar si kone, Ingrid Lian-Bjørgum (vokal) frå Oppdal, er den tredje i trioen. Ho er ein svært dyktig vokalist.
To års iherdig jobbing har ført fram til innspeling av deira fyrste album. Med ei rekkje fullsette konsertsalar er det store forventingar til utgjevinga. Musikken er ein delikat blanding av iøyrefallande melodiar med inspirasjon frå norsk og amerikansk folkemusikk. Trioen har henta namnet og tekstene sine frå ei diktsamling signert Skjåk-diktaren Finn Sandum.
Vi gler oss på eit gjensyn og eit gjenhøyr med denne gruppa. Vi hadde ein fantastisk førjulskonsert med dei i fjor, kor også Finn Sandum var med og las dikt,

Velkomen til konsert på
Skjåk folkebibliotek
Fredag 18. oktober
kl 19.00
Inngang kr 100,-
Enkel servering

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede