Tore Pryser på Skjåk folkebibliotek


Boksignering i Skjåk
"1814 i Oppland: Bønder, øvrighet og soldater" 

Professor Tore Pryser kjem til Skjåk folkebibliotek for å signere den nye boka "1814 i Oppland: Bønder, øvrighet og soldater", torsdag 14. november kl 14.

Boka er resultat av eit forskingsprosjekt der ein har sett på korleis folk i Christians amt, noverande Oppland fylke, oppfatta og deltok i hendingane i 1814 med Riksforsamlinga på Eidsvoll som eit høgdepunkt.
   
Boka legg vekt på å sjå 1814-prosessen nedanfrå. Det dreier seg ikkje berre om leiarane, men også om vanlege folk sin mentalitet, og om korleis dei oppfatta det som skjedde.

Eit omfattande kjeldemateriale er tatt i bruk både frå offentlege arkiv og frå privatarkiv. Bokprosjektet er knytt til Opplandsarkivet og Høgskolen i Lillehammer, med professor Tore Pryser som forfattar. Det er også etablert eit omfattande samarbeid med mange lokalhistorikarar og interesserte i dokumentasjons- og formidlingsarbeidet.

 



http://www.gudbrandsdalsmusea.no/

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede