Datakurs

Populært kurs
I 2014 er det 8. året det vert arrangert datakurs for seniorar på Skjåk folkebibliotek i regi av oss tilsette. Vi har eit fast opplegg med seks kursdagar på 3 timar kvar gong som fungerer veldig bra. Det blir delt ut tilrettelagt kursmateriell. 

Det krevst ingen forkunnskap for å vere med
Desse kursa har vore populære, enkelte år har det vore fleire grupper. Det krevst ingen forkunnskap for å vere med, kurset er lagt opp for nybyrjarar og er gratis. Dei eldste deltakarane har vore 83 år, den yngste 40 år. I tillegg til å lære data, er dette ein uformell, triveleg og sosial møteplass, praten er svært "livleg" i kaffipausa.
Slik samfunnet utviklar seg, krevst det meir og meir kunnskap i bruk av data. Mange tenester er i dag nettbaserte. Ynskjet er at alle, også den eldste del av befolkninga, skal bli i stand til å nyttiggjere seg dette verktøyet.




DATAKURS 2014
11/9-14                Seniorsurfdagen
22/9-14                Trening i tastatur og mus med kabal + litt tekstbehandling
6/10-14                Repetisjon + tekstbehandling
13/10-14              Nettbank v/Paul Håvard Skotte frå SpareBank 1 Lom og Skjåk
20/10-14              Repetisjon + tekstbehandling og internett
27/10-14              Repetisjon + internett (e-post, facebook, slektgransking)

Påmelding til:
Skjåk folkebibliotek
v/Sigrun og Hanne
Tlf 909 47 020

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede