SeniorSurfdagen 2014

 

LÆR DATA - SeniorSurfdagen 2014

"Er eg ein digital borgar?"

Torsdag 11. september arrangerer Skjåk folkebibliotek SeniorSurfdagen, som blir arrangert fleire stader i Norge. Temaet i år er «Er eg ein digital borgar?». Vi skal syne korleis vi kan bruke internett som verktøy på fleire arenaer. Vi har invitert ein frå kommuneadministrasjonen til å fortelje om Skjåk kommune si nettløysing.
 
Det krevst ingen forkunnskap for å vere med.
 
Etter SeniorSurfdagen arrangerer vi nybyrjarkurs i dataopplæring. Her kjem m.a. representantar frå SpareBank1 og NAV for å fortelje om nettbank og kva vi kan finne på deira nettsider.

Det er gratis inngang og enkel servering.
 
Bli med da vel!
 
Påmelding til:
Skjåk folkebibliotek
Tlf 909 47 020
Sigrun Eide og Hanne Gran



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk