SOMMAR + BOK 2014


Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja


Nesten 5 000 lesne bøker i sommarferien
I år er det sjuande året biblioteka i Norddalen inviterte til felles lesekonkurranse i skuleferien. Konkurransen heiter SOMMAR + BOK og alle 6 – 15 åringar vart oppmoda om å vere med. Oppgåva var å lese minst 5 bøker, skrive dei opp i eit leseskjema og levere skjemaet attende til biblioteket innan 1. september.

Det har vore ei jamn auke på innleverte skjema og lesarar kvart år. I år vart totalt 374 deltakarar som leverte 992 skjema med til saman 4 960 lesne bøker. Både foreldre og lærarar i skulen tykkjer det er positivt at ungane får inspirasjon til å vedlikehalde lesinga i sommarferien.


Populære armband og gjeve premiar
For kvart skjema lesarane leverte inn, fekk dei eit armband. Armbanda har forskjellige fargar med ulike lokale uttrykk som: «Sommar + Bok» (gult band), «Hell du da?» (lilla band) , «Ha’u lese denna?» (turkis band) og sist, men ikkje minst det gjevaste bandet «Svart belte i lesing» (svart band).


Det var to nettbrett sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk som var hovudpremiane i år og dei heldige vinnarane kom frå Dovre og Vågå. I tillegg var det fleire lokale premiar som bøker, digispelarar, digikort og kinobillettar.

 
Premieutdeling og avslutningsfest
Konkurransen vart runda av med ein avslutningsfest og ei forrykande forestilling av forfattaren og illustratøren Reidar Kjelsen. Han har til saman skrive 14 bøker og illustrert 50 bøker. Du kjenner han kanskje frå bøkene om Otto Monster, det er han som står bak dei kreative illlustrasjonane.


Ein ellevill forfattar
Reidar besøkte biblioteka i tur og orden, og han underheldt både vaksne og barn med ei forestilling basert på eigen livserfaring. Med brøl, hopp, sprett og stor innleving, fekk vi høyre om da han på eit tidspunkt i illustratørkarriera si plutseleg oppdaga at forfattarar har mykje meir drag på damene, og at det var da han bestemte seg for å bli forfattar. Vi fekk også høyre («lære om») korleis det er å bli dumpa av damer, og at julenissen og tannfeen slettes ikkje finst. Han hausta stor respons frå publikum. Til slutt i forstillinga teikna han eit monster på innspel frå ungane. Kort oppsummert var det ei ellevill og humoristisk forestilling som vi vil hugse lengje.

 






Skjåk folkebibliotek
Reidar teiknar eit monster med rumpe
 i ansiktet, etter innspel frå ungane.








 
 


Skjåk folkebibliotek
Det var mange som ville ha
teikininga.
Foto: Sigrun Eide
 
 Dovre folkebibliotek
Eivor Rusten Bergdomås er stolt vinnar av ein iPad
Foto: Vigga.
Maria Kampesæter Kleiven




 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede