Bokbussen Oppland 20 år



Bokbussen - ein "sprek" 20-åring - med "spreke" bokpratarar
Skulane i Skjåk  har hatt STOR glede av Bokbussen Oppland sine besøk i mange år, og vi håpar dei får STOR glede av den i MANGE år framover. Skjåk har vore med heilt frå tilbodet starta for 20 år sidan. Jens Erik fortel at ungane er like entusiastiske i dag som dei var fyrste gongen han var med. På spørsmål om kva for bøker som er mest populære for tida, svarar Jens Erik at det er "Motorsykkelmysteriet" av Magnhild Bruheim og "En pingles dagbok" av Jeff Kinney.

Bokutlån, bokprat, skrivekurs og forteljarkurs
Alle kommunane i fylket får kvart år tilbod om besøk av Bokbussen. Ca. 10 kommunar er med i ordninga, og ca. 37 skular og barnehagar får besøk av bokbussen ein gang pr. månad. I tillegg til bokutlån har bokbussen eigen litteraturformidlar som kan tilby mellom anna bokprat, skrivekurs og forteljarkurs.



Bokbussen Oppland er:


fin utanpå....


... og fin inni 


.
... og har fine litteraturformidlarar



... og fine ballongar



... og fleire fine ballongar





.... har fine teaterframsyningar - her er Trygve Ramnefjell som ein
meget kjekk utgåve av Bjørnstjerne Bjørnson



... har flinke bokpratarar for både vaksne og barn - 
her er Linn T. Sunne med bokprat for vaksne frå barnehagane og skulane



Viktige mål for bokbusstilbodet
  • Stimulere leselyst og leseinteresse til barn gjennom aktiv bokformidling av kvalifisert personale
  • Rettleie barna slik at dei kan låne bøker som fenger
  • Bidra til å auke leseferdigheiter
  • Spreie interesse og kunnskap om biblioteket som institusjon, og bidra til auka bruk av det lokale biblioteket
  • Gjere bøker tilgjengeleg der barna er


Meire Bokbussen

LENGE LEVE BOKBUSSEN!





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede