Diktardagar 2015

Bilderesultat for diktardagar

Lom, Skjåk og Vågå
I år får lyrikk og musikk brei plass i programmet. Diktet blir vise – frå tekst til tone er overordna tema for dagane. Hendingar rundt om i verda førde til at vi også tek opp det aktuelle temaet ytringsfridom. Er han sett under press? Knut Olav Åmås tek opp spørsmålet i sitt foredrag Dei farlege ytringane. Lyrikarane Anna Kleiva og Ruth Lillegraven blir sentrale aktørar under dagane, Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig framfører Haugtussa, lokale og nasjonale musikarar er med, det blir humor, jazz, kveding og nynorsk salmesong i skjønn foreining. 


Meir informasjon
Les meir om program og førehandsal av billettar på heimesida til Diktardagar:
og/eller facebooksida:



Arrangement i Skjåk


Torsdag 3.9.15
Kl 11. 45 - Forfattar Johan B. Mjønes besøkjer elevane ved Skjåk ungdomsskule


Laurdag 5.9.15
Kl 14.00 - Litterær Lunsj på Skafferiet Garn og Kaffe AS (Skjåk kjøpesenter). Opplesing ved Ruth Lillegraven


Sundag 6.9.15
Kl 12.30 - Konsert med "Sol i Skuggeskog" på Billingen Seterpensjonat




I

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk