Boktips - "Avslørt"

av Renée Knight

Filmskaparen Catherine Ravenscroft har akkurat flytta inn i nytt hus saman med ektemannen. Dei er enno ikkje ferdig med å pakke ut og det er rimeleg kaotisk rundt dei. Catherine skjønar ikkje kvar boka på nattbordet kjem frå?  Ei natt ho ikkje får sove, byrjar ho å lese…
Ho blir kasta inn i eit mareritt i vaken tilstand. Boka som gjev seg ut for å vere fiksjon, fortel med levande detaljar om livet hennar og noko djupt tragisk som hendte for mange år sidan. Ho har ein mørk hemmelegheit som ho var sikker på ho delte med ein einaste person – og denne personen er død. Kven er det som har skrive boka, og kven har lagt ho på nattbordet? Kven har sendt boka til sonen og ektemannen?

Boka er svært kløktig komponert. Historia  vekslar heile tida synsvinkel og stemme mellom Catherine Ravenscroft, og ein fordrukken og halvt forvirra Stephen Brigstocke. Sistnemnte har vore ein avskydd lærar. Kva dei to høgst ulike karakterane har med kvarandre å gjere, blir heldt skjult for lesaren lengje.

Catherine si verd rasar saman når fortida innhentar ho. Det einaste håpet er å konfrontere det som verkeleg hendte den forferdelege dagen, sjølv om den sjokkerande sanninga kan kome til å øydeleggje både ho og familien.

Forfattaren lokkar oss elegant i den eine retninga, for deretter å snu spelet og sette alt vi trudde vi visste i eit anna ljos.

Ein spennande psykologisk thriller!

God bok frå Sigrun :)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede