Gratis tilgang til 5 000 aviser på 70 ulike språk

Gladmelding

På biblioteket får du no tilgang til tusenvis av aviser og magasin frå heile verda!

Oppland fylkesbibliotek lanserer i dag tenesta PressReader i alle folkebibliotek og skulebibliotek i vidaregående skular i Oppland. Tenesta gjev bibliotekbrukarane gratis tilgang til over 5 000 aviser og tidsskrifter på 70 ulike språk.


Alt kan lesast på nettbrett eller mobiltelefon. Det einaste du treng å gjere er å laste ned PressReader-appen som er gratis frå Appstore eller GooglePlay. Dersom du brukar PC, kan du besøke www.pressreader.com og få den same tilgangen.

Etter at du har vore på biblioteket, har du tilgang til tenesta i heile 72 timar, uansett kva for nett du er tilkopla. Nedlasta aviser/magasin kan lesast offline.







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede