Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2016

Eventyrstund

Bilde
Laurdag 4. juni kl 12 er det eventyrstund med Mari Brenna på Skjåk folkebibliotek.
Kom og høyr det spennande eventyret om den fine gjengen Hønemor, Toppen, Tuppen, Tippen, Tappen, Nippen, Nappen, Rippen, Rappen, Ditten, Datten, Tutten og Titten .

 Ho har med seg alle dei fine "høne- og kjuklingdokkene" sine.

Gratis inngang - velkomen :)


Bli med på lesekonkurranse i sommar

Bilde
Ein fin årleg tradisjon Biblioteka i Norddalen inviterer også i år alle elevane i grunnskulen til lesekonkurranse i sommarferien. Oppgåva er å lese minst 5 bøker, skrive dei opp i eit leseskjema og levere skjemaet attende til biblioteket innan 8. september 2016. Kvart år har vi ei spennande avslutning med underhaldning og god servering. Det vankar også fine premiar. Hovudpremien er ein iPad som er sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk, i tillegg har vi fleire mindre premiar.

Vedlikehald av leseferdigheiter Lesekonkurransen er ein super måte å vedlikehalde leseferdigheitene barna har tileigna seg i løpet av skuleåret.

Godt poeng :) Alle har har godt av å bli lese for, å ha eit fang å sitje på og å vere trygg. Det bidreg SOMMAR + BOK til. For dei som les sjølve har vi bøker tilpassa alle nivå, slik at barna kan oppleve meistring når dei les. Heile poenget med SOMMAR + BOK er å motivere fleire til å lese meir.

Du kan levere skjema frå 1. juni – 8. september. Bli med da vel!

Leseskjema Leses…

Boktips - "Amerika"

Bilde
av Gro Dahle Amerika er ei novellesamling som handlar om ein liten familie som flytter til Amerika på 60-talet der faren har fått seg arbeid. Det er mor, far og dottera Åse. Dei har med seg ei sorg til det nye landet.  Ein bror er død. Tapet av ein son og av ein bror pregar livet deira. Han er der liksom, men dei pratar aldri om han. Det er misforståingar og knutar i magen og i tankane.

Åse er forteljaren og alt blir sett og opplevd gjennom ho. Ho kan vere glad og plutselig bli sint. Ho blir den slemme jenta som græt tilsynelatande utan grunn. Endringar i foreldras humør kan bli til eit jordskjelv for Åse.

Novellene handlar om einsemd, sorg og desperasjon. Om å vere ung og i opposisjon til foreldra, om sinne og forsøk på vennskap. Amerika er symbolet på ein ny sjanse i eit nytt land.

Forfattaren budde nokre år av oppveksten i USA og ting ho har opplevd har ho nok teke med seg i novellene. Ho beskriv godt korleis det er å vere barn. Dei 20 novellene heng saman i tid og rom og kan lesa…