Bli med på lesekonkurranse i sommar

Bilete er frå eit tidlegare år med Sommar + Bok i Skjåk. Foto: Sigrun Eide


Ein fin årleg tradisjon

Biblioteka i Norddalen inviterer også i år alle elevane i grunnskulen til lesekonkurranse i sommarferien. Oppgåva er å lese minst 5 bøker, skrive dei opp i eit leseskjema og levere skjemaet attende til biblioteket innan 8. september 2016. Kvart år har vi ei spennande avslutning med underhaldning og god servering. Det vankar også fine premiar. Hovudpremien er ein iPad som er sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk, i tillegg har vi fleire mindre premiar.

Vedlikehald av leseferdigheiter

Lesekonkurransen er ein super måte å vedlikehalde leseferdigheitene barna har tileigna seg i løpet av skuleåret.


Godt poeng :)

Alle har har godt av å bli lese for, å ha eit fang å sitje på og å vere trygg. Det bidreg SOMMAR + BOK til. For dei som les sjølve har vi bøker tilpassa alle nivå, slik at barna kan oppleve meistring når dei les. Heile poenget med SOMMAR + BOK er å motivere fleire til å lese meir.

Du kan levere skjema frå 1. juni – 8. september. Bli med da vel!

Leseskjema

Leseskjema kan du hente på biblioteket eller du kan laste det ned sjølv.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede