Amal Aden kjem til Skjåk


"Det nye Norge" - eit spennande foredrag

Amal Aden er ein modig og engasjert foredragshaldar. I 2013 fekk ho Amnesty-prisen for sitt uredde engasjement for å fremje rettigheitene til utsette grupper og spesielt for si synleggjering av homofile. No kjem ho endeleg til Skjåk.

I foredraget “Det nye Norge” fortel ho korleis ho meiner vi må gå fram for å bli eit fleirkulturelt land på ein vellykka måte. Amal Aden har tidlegare gjeve ut fleire debattbøker. Ho er spaltist i Dag og tid og er ein mykje brukt foredragshaldar.

- Innvandrarar må bli fullverdige borgarar i sitt nye land, seier Amal Aden.

Ei tøff dame med eit sterkt samfunnsengasjement

Amal Aden er fødd i Somalia i 1983. I 1996 kom ho til Norge etter å ha vore gatebarn i Somalia i fleire år. Starten i Norge vart også tøff – møte med ein annan kultur, barnevern og andre offentlege instansar som ikkje klarte å hjelpe ho. Ho havna i rusmiljøet på Grønland og levde i periodar på gata i Oslo. Ein ukueleg livsvilje hjelpte ho etter kvart fram til eit sjølvstendig og meiningsfylt liv.

I tillegg til Amnesty-prisen har Amal tidlegare blitt tildela Zola-prisen 2010 for sitt arbeid med norsk innvandrings- og integreringspolitikk.

Korleis står det til med likestillinga, integreringa og ytringsfriheiten i vårt stadig meir fleirkulturelle land? Er vi så rause og nytenkjande som vi ynskjer å tru, eller er desse «opplagte» verdiane på vikande front i eit samfunn prega av redsel og sjølvtilfredshet? I dette foredraget viser Amal Aden oss det multikulturelle, nye Norge – på godt og vondt.

Med dette arrangementet er vi med og markerer FN-dagen.

Velkomen til:

Skjåk folkebibliotek
Tysdag 25. oktober kl 19


Gratis inngang, enkel servering
Arr: Skjåk folkebibliotek, Flyktningetenesta i Skjåk og Folkeakademiet Oppland-Hedmark




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede