4. og 5. klassingane


Populær leselystaksjon i Skjåk

I dag har vi hatt besøk av 4. og 5. klassingane frå Nordberg skule. Vi var så heldige at vi fekk låne kommunestyresalen. Her hadde vi bokprat og vi utveksla gode leseopplevingar. Elevane er i full sving med ein leselystaksjon i regi av barneskulane i Skjåk. Mange ville ha skumle bøker, gjerne grøss. Kaldt blod-serien av Jørn Jensen er "grøssande" populær, det samme er spenningsbøkene til Magnhild Bruheim.

- Det går heilt fint å sove om natta når eg les skumle bøker, eg blir ikkje redd, seier Unn Katrin i 5. klasse.

 Ser vi eit framtidig kommunestyre her? 😊
                               ↓ ↓ ↓

4. og 5. klassingane i kommunestyresalen. Foto: Sigrun Eide
Frå kommunestyresalen: Du trudde kanskje at vi har fått nytt kommunestyre?  









Hanne lånte ut mange bøker. Foto: Sigrun Eide
Hanne lånte ut mange bøker til ivrige elevar

Trym med gode boktips. Foto: Sigrun Eide
Trym har gode boktips

Lesestund i lesebingen. Foto: Sigrun Eide
Lesestund i lesebingen

Guinness world records og Taynikma er populære bøker. Foto: Sigrun Eide
Guinness world records og Taynikma er populære bøker

Idun og Brynhild kosar seg på biblioteket
Idun og Brynhild kosar seg på biblioteket

Vi lånar ut iPad med artige spel. Foto: Sigrun Eide
Vi lånar ut iPad med artige spel


Her er bøkene vi prata om



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede