Svein Nyhus på bokleik i Skjåk

Ein eineståande formidlar

I dag har vi hatt besøk av illustratør og barnebokforfattar Svein Nyhus. Han las frå boka "Jeg" med stor innleving.

Nyhus var morosam, livleg og fengja ungane utan problem. Han viste fram teiknekunstane sine på ei tavle, og ungane fekk hjelpe han å lage ein heilt ny karakter. Svein Nyhus er ein eineståande formidlar.

Ungane lo ekstra godt da han forklarte kvifor han har "litt" lite hår midt på hovudet. Ei forklaring var nemleg at han hadde vokse så fort, at han voks gjennom håret sitt...

Nyhus avslutta med å vise eit enkelt og effektivt tryllenummer – nemleg at han kunne dele tommelen sin i to - utan å blø!


Hanne ynskjer Svein Nyhus velkomen








Ein ny karakter blir teikna på bestilling frå publikum







Svein Nyhus på Skjåk folkebibliotek
Karakteren skulle ha stor nase, store augo og gelè i håret
Svein Nyhus på Skjåk folkebibliotek
Usikker? Blid? Svein teiknar ulike ansiktsuttrykk 

Svein Nyhus på Skjåk folkebibliotek
Svein delte ut blyantar og svara på spørsmål


Svein fekk sjokolade og eit fint berenett
med sitat av Skjåkforfattaren Jan-Magnus Bruheim


BokLeik

BokLeik er eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Oppland fylkesbibliotek og alle dei 26 folkebiblioteka i Oppland.

Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle som skal byrje på skulen i Oppland. Ungane får oppdage boka gjennom å lytte, teikne, dikte, fortelje og skape. Prosjektet BokLeik ynskjer å vise at det er mange vegar inn i boka, og at barna skal kunne delta på eigne premissar.

















Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk