Vinnaren av Vinterles

Ann-Lisbeth Lind Bakken. Foto: Sigrun EideGlad vinnar frå Skjåk

Det er ei stor glede å kunne gratulere vinnaren av hovudpremien i lesekonkurransen "Vinterles" 2016/2017, Ann-Lisbeth Lind Bakken frå Skjåk. Den heldige vinnaren fekk eit gåvekort med middag for fire på Brimi sæter.

Vinterles
I år er fyrste året biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen arrangerer Vinterles som er ein lesekonkurranse for vaksne. Alle som fylte ut og leverte skjema i perioden nov. 2016 - mars 2017 fekk kvart sitt fine krus samt at dei var med i trekninga av den gjeve hovudpremien.

Hans Olav Lahlum - bibliotekturné
Vi hadde ei fin avlutning på lesekonkurransen med besøk av den allsidige forfattaren Hans Olav Lahlum.

Les meir om da:
- Hans Olav Lahlum var i Skjåk.


Skjåk
Vi har mange trufaste lånarar i Skjåk og 46 av dei har vore med på Vinterles. Dei har lese 365 bøker til saman. 

Norddalen
Totalt deltok 250 personar og dei har lese 2000 bøker.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede