Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2017

Krimjournalist og forfattar

Bilde
Måndag 29. mai får 9. klasse i Skjåk besøk av forfattaren og journalisten  Adel Khan Farooq her på biblioteket. Han skal prate om boka si  «Mine brødre» som kom ut i fjor. Dette er ei bok om sex, dop og tru, og det å finne seg sjølv i eit helvete, seier Adel Khan Farooq (25). Foto: Øistein Norum Monsen Radikalisering og muslimsk brorskap Han vil  fortelje  historia om ein 17-åring frå Oslo som blir forelska, ikkje berre i ei jente, men også i islam. Boka handlar om korleis vanlege norske ungdommar blir radikalisert og kvifor det skjer. Handlinga går føre seg før, og i etterkant av terrorangrepet i Paris. Vi fylgjer ein vanleg ungdom som går frå den eine skuffelsen til den andre. Han kjenner seg utanfor alt. Det er fyrst når han får vere med i eit muslimsk brorskap, at han endeleg føler seg heime og akseptert. Radikalisering er eit tema som er  brennaktuelt i dag, og som mange er interessert i.  Adel Khan Farooq har god innsikt i dette temaet, han kjenner miljøet eks

Opningstider veke 22

Bilde
Vi skal på kurs og må stengje biblioteket to dagar i veke 22.

Bibliotek og turistinformasjon i Skjåk

Bilde
Moldulhøe. Foto: Linn Mari Skjelkvåle Marsteintrædet Bibliotek og turistinformasjon  I sommar er biblioteket og turistinformasjonen samlokalisert på Skjåk folkebibliotek. Dette gjer at opningstida er utvida i denne perioden. Meld frå om aktivitetar, overnatting, opningstider Vi oppmodar alle til å komme med brosjyrer og/eller informasjon som kan vere av nytte for Skjåk og områda rundt. Opningstider  15. juni  - 26. august Måndag - laurdag kl  11 - 17