Krimjournalist og forfattar

Måndag 29. mai får 9. klasse i Skjåk besøk av forfattaren og journalisten Adel Khan Farooq her på biblioteket. Han skal prate om boka si «Mine brødre» som kom ut i fjor.

Dette er ei bok om sex, dop og tru, og det å finne seg sjølv i eit helvete, seier Adel Khan Farooq (25).




Foto: Øistein Norum Monsen



Radikalisering og muslimsk brorskap


Han vil  fortelje  historia om ein 17-åring frå Oslo som blir forelska, ikkje berre i ei jente, men også i islam. Boka handlar om korleis vanlege norske ungdommar blir radikalisert og kvifor det skjer. Handlinga går føre seg før, og i etterkant av terrorangrepet i Paris. Vi fylgjer ein vanleg ungdom som går frå den eine skuffelsen til den andre. Han kjenner seg utanfor alt. Det er fyrst når han får vere med i eit muslimsk brorskap, at han endeleg føler seg heime og akseptert.

Radikalisering er eit tema som er  brennaktuelt i dag, og som mange er interessert i. Adel Khan Farooq har god innsikt i dette temaet, han kjenner miljøet ekstremt godt.

Med boka ynskjer han å fortelje ei historie om å bli vaksen, men også vise fleire sider av islam. Målet er å dykke ned bak tabloide overskrifter og vise kva som skjer inne i eit kaotisk ungdomshovud.

Farooq vaks opp på Mortensrud i Oslo, er født i Norge og har pakistanske foreldre. Det har hovudkarakteren i boka også, men der stoppar mykje av likheita. Hovudkarakteren blir nemleg dregen inn i eit muslimsk miljø som viser seg å ha ekstreme meiningar, og planar. Sjølv fann forfattaren ut at religionen etter kvart føltes meir hemmande enn frigjerande.

Eitt av svara på korleis radikalisering kan skje, meiner Farooq er følelsen av å vere ein framand i sitt eige land. Når du er født og vakse opp i Norge og heile tida får høyre at du «eigentlig ikkje er norsk», kan du bli eit lett bytte for ein som kjem og tilbyr deg tilknyting og identitet. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede