Innlegg

Viser innlegg fra september, 2017

Trylleshow og leseglede

Bilde
Avslutningsfest for Sommarles Fredag hadde vi avslutning for sommarens lesekonkurranse. Det var full fart frå fyrste minutt. Tryllekunstnaren Erik Mogeno starta det heile med eit trylleshow. Deretter var det premieutdeling - før vi avslutta med pizza, saft og sosialt samvær saman med dei 70 frammøtte.

Andrea Teigen og Vetle Morken Gartland fekk også trylle. Dei var kjempeflinke :) Erik Mogeno vart imponert!
Erik Mogeno syner fram korleis ein buktalar MÅ få i seg mykje vatn før ei buktalarforestilling. Anna Sigrun Randen tok denne oppgåva på strak arm.... eller var det "strak mage"?
Erik Mogeno fekk mange spørsmål etter trylleshowet.
Dei glade vinnarane i Skjåk Frå venstre: Vetle M. Gartland, Gea Aurora Øiberg, Ida Steinbakke Hole, Hedda S. Hånsnar, Trym S. Eiesar, Frøya Gjeilo. Bak: Sondre Myhren og Tobias Skjaak Plassen
"Pizza frå Skeid kro og raud saft er godt", det er Hedda S. Hånsnar, Marit K. Stenersen og Olina Kveen einige om.
Lina Byre og Hannah Johansen kos…