Trylleshow og leseglede



Ein parlaus gjeng med unge, leseglade skjåkværar og tryllekunstnaren Erik Mogeno. Foto: Sigrun Eide
Ein parlaus gjeng med unge, leseglade skjåkværar og tryllekunstnaren Erik Mogeno



Avslutningsfest for Sommarles

Fredag hadde vi avslutning for sommarens lesekonkurranse. Det var full fart frå fyrste minutt. Tryllekunstnaren Erik Mogeno starta det heile med eit trylleshow. Deretter var det premieutdeling - før vi avslutta med pizza, saft og sosialt samvær saman med dei 70 frammøtte.

Andrea og Vetle fekk også trylle. Dei var kjempeflinke :)
Andrea Teigen og Vetle Morken Gartland fekk også trylle. Dei var kjempeflinke :) Erik Mogeno vart imponert!

 Erik syner fram korleis ein buktalar kan og må få i seg mykje vatn før ei buktalarforestilling. Anna Sigrun Randen tok denne oppgåva på strak arm.... eller "strak mage"
Erik Mogeno syner fram korleis ein buktalar MÅ få i seg mykje vatn før ei buktalarforestilling. Anna Sigrun Randen tok denne oppgåva på strak arm.... eller var det "strak mage"?

Erik Mogeno fekk mange spørsmål etter trylleshowet.

Dei glade vinnarane i Skjåk Frå venstre: Vetle, M. Gartland, Gea Aurora Øiberg, Ida Steinbakke Hole, Hedda S. Hånsnar, Trym S. Eiesar, Frøya Gjeilo. Bak: Sondre Myhren og Gudbrand Skjaak
Dei glade vinnarane i Skjåk
Frå venstre: Vetle M. Gartland, Gea Aurora Øiberg, Ida Steinbakke Hole, Hedda S. Hånsnar, Trym S. Eiesar, Frøya Gjeilo.
Bak: Sondre Myhren og Tobias Skjaak Plassen

 Pizza frå Skeid kro og raud saft er godt. Det er Hedda, Marit og Olina einige om
"Pizza frå Skeid kro og raud saft er godt",
det er Hedda S. Hånsnar, Marit K. Stenersen og Olina Kveen einige om.

 Lina Byre og Hannah Johansen kosar seg i sofaen. Rundt bordet sit Gea Auroa Øiberg, Karina Lyngved, Rubi Marie Øiberg og Sara H. Bosmen
Lina Byre og Hannah Johansen kosar seg i sofaen.
Rundt bordet sit Gea Auroa Øiberg, Karina Lyngved, Rubi Marie Øiberg og Sara H. Bosmen

Ein fin gjeng kosar seg med pizza og saft. Frå venstre: Trym Eiesar, Ida Steinbakke Hole, Jonas Knutsødegård Stenersen, Amalie Fallingen Stadeløkken, Iver Eiesar Moen og Emil Eiesar Moen
Ein fin gjeng kosar seg med pizza og saft.
Frå venstre: Trym Eiesar, Ida Steinbakke Hole, Jonas Knutsødegård Stenersen, Amalie Fallingen Stadeløkken, Iver Eiesar Moen og Emil Eiesar Moen


Kva er Sommarles?

Her finn du meir informasjon om lesekonkurransen. Bli med neste år du også.

 Sommarles


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket