Sven Nyhus og Jon Faukstad

Meisterspelemenn

Tysdag 13. november var det ”stinn brakke” på Skjåk folkebibliotek da Jon Faukstad og Sven Nyhus inntok scena. På programmet stod stod alt frå vakre brurmarsjar og munter dansemusikk til Bull, Grieg og Halvorsen. Publikum, kring 90 i talet, fekk ei triveleg stund med variert og fin musikk.

Artistane krydra innslaga med artige historier og historiske fakta. Mellom anna kunne dei fortelja at den vidgjetne seterjenta Gjendine Slålien var svært glad i trekkspelmusikk, og at dei begge to kjente skjåkforfattaren Jan-Magnus Bruheim.

Faukstad briljerte med ein variasjon over «Pål sine høner», medan Nyhus sitt høgdepunkt var klassikaren «Bergrosa».

To konsertar på ein dag gjekk fint for dei to veteranane Sven Nyhus (85) og Jon Faukstad (74). Tidlegare på dagen heldt dei konsert for bebuarane på Skjåkheimen.

Takk for ei flott musikalsk oppleving og ikkje minst hyggeleg kveld på biblioteket :)


Superduo: Jon Faukstad og Sven Nyhus

Det vart tid til ein liten prat etter konserten.
 Ola Skrinde, Ola Bøye, Jon Faukstad og Øystein Nicolaisen

Samrøystes!
Ola Skrinde, Jorunn Skrinde og Per Marsteintrædet tykte konserten var fantastisk.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede