Killerinstinkt

 av Thomas Enger


Krim for unge vaksne

Kor godt kjenner du eigentleg folk rundt  deg? Det spørsmålet må Even finne svar på når ekskjærasten Mari blir funne drept på Fredheim vidaregåande skule morgonen etter revypremieren. Ein av vennane til Even blir også funne grovt mishandla og drept ein annan stad på skulen.

Mistanken rettar seg raskt mot Even, som aldri fekk svar på kvifor Mari slo opp med han.
Dei neste dagane blir intense for Even, han må kjempe mot rykteflommen i bygda, og ikkje minst mot ein drapsmann som ikkje skyr nokon ting for å fjerne alle spor etter seg. Det er så spennande...

Boka kan trygt anbefalast til ungdom i alle aldre.

Forlag: Kagge
År: 2017
Sider: 256

Du kan også låne boka som e-bok. Da kan du lese boka på mobil din eller nettbrett. Du treng berre å laste ned gratisappen e-bokbib først.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede