BokLeik på biblioteket

Tysdag denne veka var det "BokLeik" på biblioteket i Skjåk. Her var skulestartarane og 1. klassingane våre. Forfattaren og illustratøren Camilla Kuhn heldt eit artig foredrag for oss. Store og små storkosa seg. Camilla er på bibliotekturne i regi av Norsk Litteraturfestival og fylkesbiblioteka i Hedmark og Oppland. Takk for eit flott samarbeid!

Vi fekk høyre den spennande historia om "Samira og skjelettene"
Litt om handlinga: Ein dag står læraren der og seier noko fælt: Inne i kroppen har vi skjelett, med hovudskalle og ribbein og ryggvirvlar og…
Dette trur ikkje Samira noko på, noko så ekkelt. Etter timen blir alt vanskeleg. Det går jo ikkje an å ete med munnen full av skjelett, eller prate. Og i gymtimen kjenner ho at skjelettet er der heile tida.
Men mamma veit råd. Vi tek det vekk, seier ho og ordnar med bøtte og plaster og verkty. Da blir Samira litt i tvil. Og når mamma forslår at dei byrjar med hovudet, da flyktar skjelettet. Til leikeplassen og bestevenn Frida.

1. klassingane og skulestararane i Skjåk saman med Camilla Kuhn

Camilla Kuhn er flink til å teikne og ho er flink til å formidle

Eit skjelett med to hjarte og tøff sveis
Anbefalast - du må lese boka!

Under jakka hadde Camilla både lunger, tarmar, hjarte og meire til.
Ein av ungane tykte lungane likna på puppar :)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede