Baksiden av Endre Lund Eriksen.

Ein spennande thrillar for ungdom om hacking, overvaking, terror og eit romskip


Pappaen til Katrine har brukt tusenvis av kroner på sjokoladen Stratos, og han et dei for harde livet. Eigaren av sjokoladefabrikken har nemleg lansert ein konkurranse der du kan vinne ein romferdtur som heiter «forbi Stratos-færen». Den heldige vinnaren får bli med i eit romskip til verdsrommet. Dei kallar det Månesafari, sidan romskipet skal gå i bane rundt månen nokre gongar, før dei sett kursen tilbake mot jorda. Og det utrulege skjer, han vinn turen!

Men så:
Oslo er prega av framandfrykt og terror og Katrine (16) prøver å finne seg til rette i den nye klassa.

Katrine vil ikkje at nokon skal vete at faren hennar var med i romskipet som forsvann. Men så byrjar ho å få krypterte meldingar – frå pappa, som fortel at han befinn seg på baksida av månen, i ein hemmeleg base. Og han ser ingen moglegheit for å returnere til jorda...

Saman med nettvennen Julian blir Katrine trekt inn i ei verd av krypterte e-postar, overvaking og spionar. Dei får mistanke om at det finst hemmelegheiter på månen som nokon er viljuge til å gjere alt for å halde skjult.

Dette er ein myrk og spennande thillar. Boka passar godt for gutar og jenter frå 11 – 16 år. Den passar også for vaksne.

Anbefalast!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede