Vinterles

Lesekonkurransen Vinterles

Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har i vintermånadane  ein felles leselystaksjon/lesekonkurranse for vaksne, frå 15/11 til 15/4.

Mari Brenna. Foto: Sigrun Eide
Mari Brenna frå Skjåk er med
Bli med du også

Oppgåva er å lese minst 5 bøker. Leseskjema finn du i ditt bibliotek. Alle deltakarane får kvart sitt krus og er med i trekkinga av hovudpremien som er middag for 4 personar på Billingen Seterpensjonat i Skjåk. 

Bibliotekturné

Vi avsluttar Vinterles med eit forfattarbesøk av Jan Ove Ekeberg, han skal besøkje alle Nordalsbibilioteka. Han kjem til Skjåk 25. april kl 20.

Velkomen innom!


Premiane er sponsa av biblioteka, SpareBank 1 Lom og Skjåk og Billingen Seterpensjonat.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede