Les om superheltane Brune, Svartle og Blåse av Håkon Øvreås


Er du på leiting etter ei hyggeleg høgtlesingsbok? Da må du lese om dei tre "vanlege" ungane som blir superheltar om natta.



Dette er ei fin kvardagsskildring av Rune, Atle og Åse, men også dei tre andre gutane som saboterer hyttebygginga til dei fyrstnemnde.

Rune (Brune)
I boka "Brune" møter vi Rune og familien som  har flytta for å bu nærare Bestefar. Men ein dag dør bestefar. Rune saknar bestefar og nokre gonger finn han bestefaren sitjande på ein stein i skogbrynet. Når det skjer, har dei koselege samtaler der Rune hentar styrke og støtte.

Brune og Atle er venner og har bygd ei hytte i skogen som dei har bestemt at dei skal måle brun. Men så… hytta blir ramponert av prestesonen Anton og kompisen hans Ruben. Og der har vi motivasjonen bak Brunes eksistens. Rune lagar ei superheltdrakt, og når det blir svarte natta, tek han si hevn over gutane ved å måle ein av syklane deira brun. Neste natt får han selskap av Svartle (Atle) som også har noko ugjort med bøllegutane. Han måler ein av dei andre syklene svart. Etter kvart vil også venninna Åse (Blåse) vere med på hevnen.

Her har du ei morosam forteljing om korleis det er å vere ein oppfinsam liten gut når plageåndane ikkje gjev seg. Det er også ei forteljing om sakn og møtet med døden, fint og usentimentalt skildra.
Boka passar godt til høgtlesning, og til å lese sjølv frå om lag 9 år. Den har spenning, gode dialogar og litt magi. Håkon Øvreås har også skrive to bøker til om dei same hovudpersonane. Dei heter «Svartle» og «Blåse», og handlar altså om Atle og Åse. Desse må du også lese.

God bok :)


Bilderesultat for bokåret


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk