358 bøker i bokjuletreet vårt

Juletreet til Skjåk folkebibliotek inneheldt 358 bøker
I desember hadde vi ein aldri så liten gjettekonkurranse her på biblioteket. Vi bygde eit juletre av bøker, og oppgåva vart da å gjette kor mange bøker vi brukte.

Det kom inn 135 forslag. Det var Oda Iren Langleite som gjetta best, ho gjetta 356 bøker og vann dermed 1. premien, som var eit gåvekort på kr 400,- på Skjåk kjøpesenter.

Lina Byre, Laila Storkjørren Odden og Margrethe Sperstad vann kvar si bok.

Lina Byre vann den nye ungdomsboka til Magnhild Bruheim,
 "Avlyst på grunn av sorg"

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede