Vinterles 2019/2020

Vinterles 2019-2020 er avslutta

Uttrekkspremien, ei matkasse frå Avdem gard, gjekk i år til Skjåk. Hurra!
Vi takkar alle som var med for stor leselyst og ivrig deltaking gjennom vinteren og gratulerer vinnaren, Torill Huse, med hovudpremien.
I Skjåk har vi tre uttrekkspremiar i tillegg. Laura Kristin Skogheim Rusten, Martin Broeren og Kåre Plassen er heldige vinnarar av kvar si bok. Gratulerer :)

Totalt var 306 deltakarar frå heile regionen med, og fordelinga mellom biblioteka var som følgjer:
Dovre: 36
Lesja: 28
Lom: 54
Sel: 76
Skjåk: 53
Vågå: 51
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: 8
Dei som ikkje har fått krus enda, vil få det når biblioteka opnar opp att.
Vi takkar biblioteka i Norddalen, Skjåk Energi og Sparebank1 Lom og Skjåk for samarbeidet.
Ha ein god lesesommar :)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede