Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2021

Verdensbiblioteket - bøker på fleire språk

Bilde
Finn bøker på ditt eige språk. Les og lytt når du vil, så mykje du vil. Heilt gratis. På Verdensbiblioteket.no finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk .   For tida finn du bøker på albansk, arabisk, assyrisk, syriansk, bosnisk, kroatisk, serbisk, kurdisk, persisk, dari, polsk, somali, thai, tigrinja og tyrkisk. Innhaldet blir utvida jamnleg med fleire språk og titlar.  Verdensbiblioteket.no er ope for alle i Norge. Du må berre opprette ein brukar med e-postadressa di, og så loggar du inn for å få tilgang til innhaldet.  Tenesta er eit samarbeid mellom nasjonalbiblioteka i Norge, Sverige og Danmark.  Visste du forresten at 21. februar er den internasjonale morsmålsdagen? Meir informasjon: Verdensbiblioteket.no Den internasjonale morsmålsdagen .