Innlegg

Viser innlegg fra august, 2011

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Bilde
Utruleg morosam bok! Dette er ei heidundrandes bygdeforteljing med sjølvaste Ivar Aasen som sin øvste beskyttar. I bygda Vassbygda klamrar dei seg til nynorsken. Problemet er at vassbygdingane ikkje klarer å einast om nokon ting, ikkje ein gong om dei bur i Vassbygd a eller Vassbygd i . Sylvia på a-sida køyrer rundt i ein Audi med Aud a -skilt, Uføre på i-sida, har ein Toyota med Toyot i -skilt. Boka opnar og endar med to brotsverk. Begge desse vert utførte av Orm Åkerstein, og begge vert utførte som ein del av målstriden. Det fyrste er retta mot Posten, og er ein protest mot all reklamen som kjem på bokmål. Det andre er retta mot bjørnen Ivar i Dyreparken i Kristiansand, og vert gjort for å hindra at andre Ivarar kan stå i vegen for sjølvaste Ivar Aasen. Elles er det   mange andre døme på korleis ein kan kjempa for målsaka. Dirigenten i det lokale koret får gjennomgå skikkeleg etter at berre ein av åtte songar under ein konsert var på nynorsk. Han blir kidnappa og får ei behandlin

Opningstider t.o.m. 9. september

Tysdag        14 - 19 Onsdag       10 - 14 Torsdag       14 - 19 Fredag        10 - 14

Morgen i Jenin av Susan Abulhawa

Bilde
Ei palestinsk historie Å sjå eit heilt folk si liding gjennom generasjonar nedfelt i ein konkret familie, gjer inntrykk - og dette er ei historie så blodig at det nesten ikkje er mogleg å ta inn over seg for eit menneske som aldri har opplevd okkupasjon, krig eller terror. Ein liten palestinsk gut blir rive ut av mora sine armar og veks opp i ein jødisk familie. Mange år seinare kjenner broren han att - ansikt til ansikt, på kvar si side i ein valdeleg konflikt. Dei to brørne har òg ei syster, Amal Abilheja. Amal vart født i ein flyktningeleir i Jenin og fortel om korleis israelske soldatar i 1948 brutalt fordreiv familien frå landsbyen, om lillebroren som vart borte i kaoset, og om korleis den andre broren vart ein jaga motstandsmann. Ho fortel familien Abilheja si dramatiske historie, gjennom flyktningtilvære, krig og terrorisme. Ho viser lesarane korleis nød og elende innverkar på menneskesinnet, korleis deira evne til empati og kjærleik blir skadelidande. Ei vakker og grusom