Innlegg

Viser innlegg fra august, 2010

Magnhild Bruheim - boklansering

Bilde
. Forfattarbesøk på biblioteket Torsdag 16. september kl 19 kjem Magnhild Bruheim til Skjåk folkebibliotek for å fortelje om den nye boka si, Det som ein gong var. Det som ein gong var   er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar som filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive. Gratis inngang Servering Song ved Vox Morsem Boksignering Arrangementet er eit samarbeid mellom Skjåk folkebibliotek, Skjåk historielag og Samlaget. Omtale frå forlaget: Live klargjer barndomsheimen for sal. Ho tek oss med tilbake til ulike episodar som var med på å forme dagane, dei lette og gode minna, men også det som gjorde livet utrygt. Den unge Live er skarp, livleg og morosam. Og vi får eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøk