Innlegg

Viser innlegg fra november, 2010

"Julegavetoget" med Marianne Kostøl

Bilde
. Julestemning på biblioteket med ”Julegavetoget” Ei framsyning fritt etter den populære forteljinga om ”The Little Engine That Could”, som vart skrive for 100 år sidan. Klikk på bilete Vi fekk ei spennande musikalsk togreise med Marianne Kostøl på det som "liksom" var lillejuleftan. Det glade lille toget skulle over til den andre sida av fjellet med gåver, deilig mat og julegodt til alle gutar og jenter. Men - plutseleg stoppa toget med eit rykk. Hjula ville ikkje gå rundt. Kven ville komme og redde det lille toget? Eit blankt og nytt lokomotiv, eit stort og sterkt lokomotiv og eit  gammalt lokomotiv full av rust kunne ikkje hjelpe, dei køyrde vidare. Men - så  kom heldigvis eit lite, blått lokomotiv tøffande. Sjølv om det var lite og aldri hadde vore over fjellet før, ville det hjelpe til. Og med god drahjelp frå Marianne og publikum ordna det seg tilslutt. Toget kom seg over fjellet og alle barna fekk gåver, mat og julegodt til jul. Puh! Marianne Kostøl frå Gjøvik er

Bautaen Bjørnson - stridsmann, fredsvenn, diktarhøvding

Bilde
. Vi har utstillinga på biblioteket   Her ser du ein av plakatane   Synnøve Solbakken – ei Bollywood-stjerne? Hadde vi alle prata nynorsk utan Bjørnson? Hadde Bjørnson skrive norsk utanrikspolitikk? Bjørnstjerne Bjørnson – forfattar, bråkmakar, politikar – meinte mykje om det meste. Han var innpåsliten og uthaldande i sitt samfunnsengasjement. Har vi noko å lære av han? Er verkene hans verdt å ta fram att? I utstillinga vil du møte ein Bjørnson som overraskar: med Noregs fyrste sjølvmordsbombedrama, med kvinneskikkelser som fylgjer sitt kall – fleire år før Ibsens Nora – og med kjærleiksdikt om ungdom som grip oss den dag i dag.   Utstillinga består av plakaktar av Bjørnson i ulike roller, bøker og ei nettutstilling. Vi blir kjend med personen Bjørnson og forfattarskapen hans. Det er Nasjonalbiblioteket som har produsert utstillinga. -  Sjå utstillinga på nett:        Bautaen Bjørnson - Følg Bjørnson 2010 på:      Bjørnstjerne.no Velkomen! Lagt inn av: Sigr

Harry Hole-pris til ei "ålreit" dame

Bilde
 Marit Hallen Ei ålreit dame  Harry Hole-stiftelsen har utnevnt bibliotekaren Marit Hallen til årets "Ålreite dame" - ein velfortent pris! Det er skaparen av Hole-skikkelsen, forfattaren Jo Nesbø, som etablerte stiftelsen som i år vart delt ut for andre gong. I fjor gjekk Harry Hole-prisen til fengselspresten ved Ila Landsfengsel, Odd-Cato Kristiansen. Marit Hallen var ein av pionerane som starta med leksehjelp til innvandrarjenter. Ho har i mange år jobba med litteraturformidling overfor unge jenter frå Pakistan og India med utgangspunkt i Deichmanske bibliotek og filialen på Torshov i Oslo. Harry Hole-stiftelsen vart etablert i juni 2008 ved at Jo Nesbø overførte alle rettigheiter og tilhøyrande inntekter frå boka Hodejegerne til stiftelsen. Stiftelsens formål er gjennom ein årleg pris å gje barn grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter, spesielt i utviklingsland. Prisen har fått tittelen "En ålreit fyr/Ei ålreit dame-prisen". Den som vinner vil o

Inge Eidsvåg

Bilde
.  Kåseri og bokprat 7. des kl 19

Klovnen Knut

Bilde
Storsjarmør i klovnedrakt Laurdag 6. november hadde vi fint klovnebesøk på biblioteket. Klovnen Knut beskriv seg sjølv som tullekunstnar og gjøglar. Det er ei beskriving som passar bra!                      For denne laurdagen serverte han ei fargerik framsyning samansmelta av stand-up og fysiske innslag. Han har ei eiga evne til å underhalde barn og vaksne samtidig. Framsyninga er nok fyrst og fremst for barn, men han fletta òg inn litt "eldreomsorg" - til dei vaksne si store glede . Det vart mykje skratting  av klovnen som trylla og tøysa med farger, musikalske unotar, forteljingar, sjonglering og bergensk buktaling - rett frå levra. Vi håpar på eit snarleg gjensyn med Klovnen Knut. Lagt inn av: Sigrun Eide