Innlegg

Viser innlegg fra august, 2018

Tung tids tale

Bilde
Boktips "Tung tids tale" er Olaug Nilssens kjærleikshistorie til sin eldste son, Daniel. Dei første to leveåra er Daniel som andre ungar. Faktisk kanskje litt flinkare enn snittet, tidleg ute språkleg, både med song og tale. Mora har mobilen full av foto- og videobevis som syner ein gut som kommuniserer godt med folk rundt seg. I tre-årsalderen endrar han åtferd. Han mistar mykje av språket, blir utagerande og må ha mykje tilsyn. Foreldra fortvilar. Det er vondt å sjå utviklinga gå feil veg. Og endå tyngre at alle dei ber om hjelp ser ut til å tvile på at det har skjedd ei stor og alvorleg endring i Daniel. "Tung tids tale" er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng. God bok!