Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2015

Fest på biblioteket

Bilde
Premieutdeling, klovnestreker og pizza Fredag hadde vi avslutningsfest for alle som var med på sommarens lesekonkurranse for barn og ungdom. Den fargerike Klovnen Knut underheldt både store og små med sine humoristiske klovnestreker. Han har vore i Skjåk ved fleire høve, kvar gong har han sjarmert oss i senk. Ein skikkeleg fest må ha god mat, og da passa det bra med den populære pizzaen frå Skeid Kro. Og vinnaren er... Det var stor spenning når biblioteksjefen Hanne kunngjorde kven som var vinnar av den gjeve hovudpremien - ein iPad. Ein meget glad Jonas K. Stenesersen  kunne fortelje at det var akkurat slik iPad han hadde på juleynskjelista si. iPaden er sponsa av SpareBank1 Lom og Skjåk. 1. Bilete - Klovnen Knut fekk god hjelp! Her ser du Klovnen Knut i kjent stil. Han får latteren fram i både store og små. (Berre spør bestemor Arnhild Lyngved). 2. bilete - Stolte vinnarar og Klovnen Knut Frå venstre: Jonas K. Stenersen, Pål Skjåkødegård,

Invitasjon

Bilde
Til alle som var med på lesekonkurransen i sommar

"Der ingen kunne tru at nokon kunne bu"

Bilde
 Oddgeir Bruaset på Skjåk folkebibliotek torsdag 15. okt kl 19 Møt mannen bak ein av NRK sine største suksessar Gjennom ord og bilder let Oddgeir Bruaset oss få eit innblikk i kva som kjenneteiknar dei som lev liva sine på stader utanom allfarveg. Vi blir også nærare kjent med nokre av dei han har vore innom på sine eventyrlege reportasjeferder. Sal av bøker etter foredraget. Inngang kr 100,- Enkel servering Arrangør: Skjåk Historielag, Skjåk folkebibliotek og Folkeakademiet