Fest på biblioteket

Premieutdeling, klovnestreker og pizza
Fredag hadde vi avslutningsfest for alle som var med på sommarens lesekonkurranse for barn og ungdom.

Den fargerike Klovnen Knut underheldt både store og små med sine humoristiske klovnestreker. Han har vore i Skjåk ved fleire høve, kvar gong har han sjarmert oss i senk. Ein skikkeleg fest må ha god mat, og da passa det bra med den populære pizzaen frå Skeid Kro.

Og vinnaren er...

Det var stor spenning når biblioteksjefen Hanne kunngjorde kven som var vinnar av den gjeve hovudpremien - ein iPad. Ein meget glad Jonas K. Stenesersen  kunne fortelje at det var akkurat slik iPad han hadde på juleynskjelista si. iPaden er sponsa av SpareBank1 Lom og Skjåk.

1. Bilete - Klovnen Knut fekk god hjelp!
Her ser du Klovnen Knut i kjent stil. Han får latteren fram i både store og små. (Berre spør bestemor Arnhild Lyngved).


































2. bilete - Stolte vinnarar og Klovnen Knut
Frå venstre: Jonas K. Stenersen, Pål Skjåkødegård, Hanna B. Johansen, Liv Galde Tråstad, Karina Lyngved, Evelyn Hyrve, Martine Heggebotten, Mari Hvitsand Bruheim og Maja Celine Langleite

Vinnarar av bokpremiar som ikkje var tilstades på avslutninga er Torstein Henrik Steinbakke, John Alem Nguse, Sigrid Visdal, Hanne Margrethe Øverland og Rebekka Mordt Hosar.


Lesekonkurransen Sommar +  Bok

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede