Datakurs i Skjåk


Anna Steinbakke og Wenche Skjaak Moen. Foto: Sigrun Eide
Anna Steinbakke og Wenche Skjaak Moen kan litt data frå før - men dei ynskjer å lære meir. Foto Sigrun Eide













Flinke, oppegåande og arbeidsviljuge deltakarar


I februar og mars har vi hatt datakurs for seniorar.  Det var stor interesse for kurs i år, vi fekk to fulle grupper med 10 deltakarar på kvar. Vi er heldige som har studiesenteret som vi kan nytte oss av.

På timeplanen sto grunnleggjande databehandling. Først lærte vi om tastaturet og datamusa, før vi var snøgt innom tekstbehandling. Vi brukte mest tid på internett i dette kurset - vi har googla podagra, kjøttmat frå Skjåk, vêrmeldingar, nyheiter, togbillettar, bøker og mykje meir.


Vi inviterte SpareBank 1 Lom og Skjåk.  Ingvard Olstad, Kristin Resvoll og Britt Sperstad kom og informerte om nettbank. Elling Starrem frå Skjåk kommune var innom og informerte om offentlege nettsider. Sigrun forklarte tastatur, mus, tekstbehandling og internett frå storskjermen medan Hanne, Inger Kristen  og Jenni Anette sørga for at kursdeltakarane fekk den hjelpa dei trong undervegs.

Kurset var meget vellykka.

- Eit godt tiltak! Og så flinke lærarar som vi har hatt!, seier Anna Steinbakke.


Meire kurs 24. april kl 10

Dei ivrige kursdeltakarane ynskjer å lære meir - vi har difor kontakta Omar Lien og gjort avtale om at han skal ha eit kurs i iPad måndag 24. april kl 10. Det er 18 personar som har meldt seg på dette kurset.




Datakurs på Skjåk folkebibliotek
Arnstein Helø, Anne Lise Helø og Liv Ofigsbø


Viktige tema


Datakurs på Skjåk folkebibliotek
Liv Ofigsbø, Anne Lise Helø, Arnstein Helø og Tora Margot Haugen

Datakurs på Skjåk folkebibliotek
Kjell Jonsgard klør seg i hovudet - det har han ingen grunn til. Han er jo så flink :)

Datakurs på Skjåk folkebibliotek
Inger Kirsten Stagrim og Kritin Dahl

Datakurs på Skjåk folkebibliotek
Jarle Lien og Kjell Johnsgard

Datakurs på Skjåk folkebibliotek
Klaus Gläser, Stein Teigen og Kjellaug Teigum



Datakurs på Skjåk folkebibliotek
Ingvard Olstad var med og informerte om nettbank


Datakurs på Skjåk folkebibliotek
Britt Sperstad, Kristin Resvoll, Tea Ramstad og Stein Teigen

Britt Sperstad, Kristin Resvoll, Tea Ramstad og Stein Teigen
Tea Ramstad, Kjellaug Teigum og Stein Teigen




- Vi blir henvist til internett heile tida og da er det greitt om ein faktisk klarer å komme seg dit.








Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede